Måndag morgon melde politiet om ei trafikkulukke ved Eikangervåg på E39 i Lindås.

– Det er ein bil som har køyrt av vegen og ned i ei skråning, fortel operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest politidistrikt.

Klokka 06.48 var både politi og brannmannskap på staden. Sjåføren skal vere vaken og bevisst, ifølgje politiet.

– Sjåføren blir køyrt til Haukeland universitetssjukehus. Han seier sjølv at han ikkje er skadd, men vi må få køyrt han til sjukehus for ein sjekk, fortel Magnussen.

Førarkort beslaglagt

Det er for tidleg å seie noko om årsaka til ulukka.

– Vi veit ikkje årsaka, men sjåføren, ein mann i 80-åra, skal ha køyrt i fjellveggen på høgre side. Bilen skal så ha køyrt utfor på andre sidan av vegen, seier fungerande lensmann Ivar Holmaas ved Nordhordland lensmannskontor.

Politiet mistenker ikkje rus, men førarkortet er beslaglagt grunna hendinga.

Eit køyrefelt var stengt etter ulukka, men like etter klokka 0800 blei vegen opna att.

Foto: Henrik Hauken