Har du framleis ikkje byta til vinterdekk? Då bør du for all del la bilen stå i ro når det er fare for at det frys på, og det er det no.

Vest politidistrikt melder at det er glatt fleire stader i distriktet.

Laurdag ettermiddag og kveld bøtela politiet fleire bilistar som kjøre på sommardekk på glatta, og dei minner om at bilane skal vera skodd etter forholda.