Det var i 1230-tida politiet melde om at ei bilulykke i Knarvik. Ein bil hadde kjørt utfor vegen på E39 i Knarvik, like ved avkjørsla til Lonsvegen.

– Det var to personar i bilen, dei skal sjølv ha komme seg ut av bilen. Det skal ikkje vere snakk om personskade så vidt me veit, men dei har vore innom legevakt, fortel Lars Geitle i Vest politidistrikt.

Bilen var etter det politiet veit på veg ut frå Lonsvegen like før ulykka skjedde. Ifølge NH skal ulykka skjedd under øvingskjøring. Det er sett opp skilt med åtvaring om fare for oljesøl ved ulykkesstaden.

Politiet opprettar sak etter hendinga.