– Det blir ein kjempefest, vi gler oss grådig!

Det seier sjef i Sparebanken Vest Knarvik, Liv Erstad. For torsdag er det duka for Hjartebank der banken delar ut éin million kroner til gode lokale prosjekt.

Lauritzen og Main Level

For som om ikkje det var festleg nok, har banken henta inn fleire av regionens mest framoverstormande artistar: Halie, Fred Well, sognerapparen Kjartan Lauritzen og pikefavorittane i The Main Level tar alle turen til Nordhordlandshallen for å laga fest.

– Me er litt stolte over å få med denne gjengen. Dette er jo eit familiearrangement, og eg trur ungdommen har sansen for desse.

Rundt 730 gratisbillettar vart gjort tilgjengelege. Desse er no rivne vekk.

Artikkelen held fram under bildet.

500 søknader

– «Hjartebank» er når lokalmiljøa engasjerer seg og samlar seg rundt prosjekt som er viktige, og som gjer nettopp deira heimstad til ein betre stad å bu. I Nordhordland ønskjer me å tildela midlar til tiltak som når mange, melde Sparebanken Vest då dei bad lag og organisasjonar søka.

Totalt har Sparabanken Vest mottatt kring 500 søknader til årets Hjartebank-million. Ein ekstern jury har så valt ut åtte prosjekt som ein meiner fortener støtte. Kven desse er blir altså kjent torsdag kveld, då dei blir tatt opp på scena og hylla føre publikum.

Rigginga og arrangementet står Bergen Live, medan Eduardo «Doddo» Andersen er konferansier.

Også i andre vestlandsregionar er det liknande Hjartebank-arrangement, der lokale lag og prosjekt kjempar om pengestøtte.

Denne låta har nok mange høyrt ein fredags ettermiddag: