Statens vegvesen har etter søknad frå Lindås kommune bestemt at Lonsvegen i Knarvik skal verta 40-sone, frå innkjøringa mot E39 ved gravplassen i Knarvik, og til Gymnaskrysset mot fylkesveg 57. Dette er vegen som går forbi Knarvik Vidaregåande skule avdeling Juvikstølen, Knarvik ungdomsskule, Knarvik Stadion og Juvikstølen barnehage, med meir.

Det er kommunen som saman med det lokale politiet har laga skiltplan for dei nye fartsgrensene, men Statens Vegvesen har gjort det endelege vedtaket.

I søknaden til Statens Vegvesen skriv kommunen at det er behov for å innføra særskilt fartsgrense 40 kilometer i timen i Lonsvegen, som erstatning av dagens regulering som er delvis 30 kilometer i timen og delvis 50 kilometer i timen.

Her kan det elles bemerkast at sidan det er relativt tett mellom fartshumpane må ein vera ganske aggressiv på gasspedalen for å rekka å komma opp i 50 kilometer i timen.

Alle sidevegar til Lonsvegen, det er inn til Knarvik barnehage, inn til Knarvik kyrkje og den nye barneskulen, og elles til bustadområde, skal skiltast som 30-sone.

Det kjem også eit nytt overgangsfelt, ved ved Lonsvegen 7 i nærleiken av E39, som skal knytta regulert fortau saman med regulert gang- og sykkelveg.