KNEKT: Postkassestativet står ikkje lenger fast i bakken. Festa er knekt rett av, fortel naboen som Strilen har snakka med. Foto: Privat

– Det må ha skjedd ein eller annan gong mellom klokka halv fire og halv fem i natt, seier ein mann som bur i Grønfjellia på Lindås.

Både han og fleire av naboane høyrte eit kraftig smell natt til 1. nyttårsdag, og då dagslyset kom oppdaga dei at postkassestativet var ramponert.

Mannen fortel at det ser ut som ein bil har kome kjørande og først kjørt inn i eit gjerde, og deretter rygga inn i postkassestativet med stor kraft.

– Fundamentet til både gjerdet og postkassestativet er knekt tvers av, og knuste postkassar låg strødd. Det skal vera ein stad mellom 18–20 postkassar på stativet. Me har varsla dei av naboane som me har møtt på og prøvd å lappa ting saman igjen, slik at postbodet finn noko å leggja breva i, men heile stativet er øydelagt og det må byggast nytt, seier mannen.

Han fortel at dei har varsla politiet og at dei har tatt vare på ein del bildelar som låg att på staden.

Mannen meiner at bilen må ha fått ein god del skader, både bak og i fronten. Han håpar sjåføren angrar seg og tar kontakt for å ordna opp. Visst ikkje så vert saka meldt til politiet.

KNEKT: Bilen har også kjørt ned dette gjerdet. Foto: PRIVAT