Alle innbyggarar blir no inviterte til å komma med sine eigne forslag til nytt kommunevåpen for den kommande Alver kommune.

– Me håpar på eit stort engasjement og har stor forventning til at her kjem mange spennande og gode innspel som vil vera verdifulle i det vidare arbeidet med kommunevåpen, seier Nils Marton Aadland, leiar i komité for identitet, symbol og felles kultur. Denne komitéen jobbar med å finna kommunevåpen til Alver.

Forslaget kan leverast som ei skisse og ein kort forklarande tekst, eller ein tekst med temaforslag. Frist er 15. april.

– Motivet må vera lett å kjenna att og representere den nye kommunen på ein god måte – utan å ha element frå dagens kommunar sine våpen, fortel Aadland.

Det blir understreka at det ikkje er nokon konkurranse.

– Målet er å få så mange og gode innspel at me kan hente ut nokre hovudtrekk som me kan ta med oss vidare.

Forslag kan sendast til:

Epost:postmottak@alver.kommune.no

Post: Nils Marton Aadland, Meland kommune, Postboks 79, 5906 Frekhaug

Del det gjerne med oss i Strilen ved å senda ein kopi til desk@strilen.no