Onsdag 21. juni startar eit nytt tilbod opp. Då vil det begynna å gå båt kvar onsdag og laurdag mellom Hellesøy i Øygarden og Fedje.

Båtruta vil gå til 19. august og gjer det muleg for folk å ta ein rundtur med bil, buss eller sykkel.

For alle

– Det har lenge vore eit ønskje å knyta øyriket i vest tettare saman med offentleg transport, og årets sommarrute er eit forsøk på å gjera dette, skriv Fedje kommune i ei pressemelding.

Den nye rundturen er et samarbeidsprosjekt mellom Fedje, Øygarden og Austrheim kommunar og Hordaland fylkeskommune. Og kommunane håpar at dette er eit tilbod som både lokalbefolkninga og turistar vil setja pris på.

Totalt vil det bli gjort 18 rundturar denne sommaren.

Korresponderer med buss

Båtruta er lagt opp slik at den korresponderer med busstilbodet mellom Hellesøy i Øygarden og Bergen. Båtruta er lagt opp slik at ein vil kunna oppleva Fedje i 2–3 timar før ein tek båten tilbake til Hellesøy. Eller ein kan velja å reisa vidare frå Fedje med ferja til Sævrøy og følgja rutebuss tilbake.

GulenSkyss sin båt

Det er GulenSkyss AS med båten «MS Øyrosa» som skal gå i denne ruta, som er ei forlenging av det tilbodet som alt finst mellom Hellesøy og Hernar. Båten har plass til 47 passasjerar og det vil vera muleg å ta med sykkel.

Onsdagar vil ruta sjå slik ut:

Buss Bergen-Hellesøy:10.00 - 11.40 Båt Hellesøy-Fedje: 11.50 - 12.30 Båt Fedje-Hellesøy: 15.00 - 15.35 Buss Hellesøy-Bergen: 16.00 - 17.40

Alternativt kan du ta ferja fra Fedje til Austrheim kl. 15.45, 16.55, 18.10 eller 19.55 og til Bergen med buss.

Laurdagar vert det slik:

Buss Bergen-Hellesøy:10.35 - 12.20 Båt Hellesøy-Fedje: 12.30 - 13.10 Båt Fedje-Hellesøy: 14.35 - 15.10 Buss Hellesøy-Bergen: 15.35 - 17.15 Alternativt kan du ta den lokale ferja frå Fedje til Austrheim kl. 15.35 og buss til Bergen kl.16.40