– Ein bilist som var på veg frå Matre og oppover i Stordalen fann ein sykkel i vegen i 01-tida i natt og då han sjekka nærmare fann han ein mann i grøfta. Det vart gjort forsøk på gjenoppliving, men livet stod ikkje til å redda, seier lensmann Kjell Idar Vangberg i Nordhordland lensmannsdistrikt.

Mannen vart funnen i området nedom fossen.

Familien til mannen er varsla om hendinga.

– Per no veit me veldig lite om kva som har skjedd. Statens vegvesen si undersøkelsesgruppe har gjort undersøkingar på staden, men eg har ikkje fått snakka med dei endå, seier Vangberg.