Kvar jul er det snakk om dei sju sortane ein «må baka», men for «bakarane» på Dalsøyra gjekk det litt gale i ettermiddag. Ein automatisk brannalarm blei utløyst og det lokale brannvesenet rykka ut.

Heldigvis var det ikkje stort å melda anna enn at ein måtte lufta litt ut, ifølge brannsjef i Gulen og Masfjorden brann og redning, Sigvald Kvinge.

– Av og til får me litt avkastning for å rykka ut, men i dag var kvaliteten såpass låg på peparkakene at me takka nei og returnerte. Men me såg eit håp, seier ein humørfylt brannsjef.

Han fortel at brannvesenet ein sjeldan gong får tilgang på godsaker gjennom jobben.

– Men dei fleste innsatsar er det full fart fram og tilbake.