«Til bursdagen min i år ønsker jeg bidrag til Kreftforeningen. Jeg har valgt denne ideelle organisasjonen fordi saken deres betyr mye for meg.»

Det var i starten av november at Elias Langøy Tresvik frå Austrheim oppretta sin eigen innsamlingsaksjon via hans Facebook-sider, opp mot bursdagen sin 17. november.

– Dette har vore den tøffaste månaden i mitt liv. Det har berre vore negativt. - Elias Langøy Tresvik

– Tøffaste månaden i livet

Han sette eit «mål» om å samla inn 1.500 kroner. Men mindre enn to veker seinare har tenåringen fått inn nesten 35.000 kroner til Kreftforeininga sitt arbeid.

Folka rundt han - i familien, i nabolaget, på skulen og fotballaget - visste at det ikkje berre låg rein godvilje bak initiativet, men ei personleg historie.

– Me hadde nokon i familien som me ante kunne ha kreft. Så blei eit anna familiemedlem sendt til sjukehus med ambulanse på ein måndag. Og på tysdagen, så sjukt som det er, fekk me to grusomme beskjeder på éin time, seier Tresvik.

Begge fekk påvist kreft og heile familien gjekk inn i boble.

– Dette har vore den tøffaste månaden i mitt liv. Det har berre vore negativt.

Ny funksjon

Det var på grunnlag av det at Tresvik valde å oppretta ein innsamlingsaksjon på Facebook. Dette «fenomenet» har blitt meir og meir populært, der privatpersonar med få tastetrykk sjølv kan setta i gang innsamlingsaksjon på sin eigen «vegg».

I førre månad uttalte Kreftforeininga at dei i løpet av eitt år hadde fått inn nærmare 20 millionar via diverse Facebook-aksjonar.

– Me opplever ein formidabel auke i gåver gitt via Facebook. Dei har laga ein teknologi som gjer det enkelt for givarar, uttalte Andreas Bjørnstad i Kreftforeininga til NRK.

At det var lettvint kan Tresvik skriva under på.

– Eg hadde sett folk hadde lagt ut slike innsamlingsaksjonar før og tenkte det var gode initiativ og ville difor gjera det same. Eg trudde ikkje eg skulle få inn så mykje, men så var det mange som ville gi pengar og støtte saka. Alt frå kompisar, bekjente og familie. Nokon veit eg ikkje kven er eingang, så det har vore heilt fantastisk.

Også mormora til Elias har hatt kreft eit par gonger, ein del år tilbake. Ho lever i beste velgåande og står som eit døme på korleis kreftbehandlinga har utvikla seg med åra.

– Takka vera forsking kjem dei nærmare å løysa kreftgåta. Det er viktig å ha håpet, sjølv om ein får ein kreftdiagnose, seier han.

– Betyr masse for meg

Til dagen går han i tredjeklasse på Austrheim vidaregåande og er fast i ellevaren til Austrheims seniorlag. Ideelt sett hadde Tresvik hatt fotballen som ein arena å utfalda seg i «elendet», men eit brot i kragebeinet i ein treningskamp nokre månadar tilbake sette ein effektiv stoppar for det. Likevel har han kunne gleda seg over at laget hans gjorde reint bord i serien og rykte opp til 5. divisjon med god margin.

Lagkameratane har vore blant dei som har støtta Tresvik gjennom den tøffe tida.

– Eg set utruleg stor pris på støtta eg har fått og alle dei som har støtta saka. Det betyr masse for meg, seier 18-åringen.

Dei som vil støtta Elias’ innsamlingsaksjon kan besøka hans Facebook-sider eller gi ei gåve via kontonummer 5005.05.11011 (Kreftforeininga). Merk då med Elias Tresvik sitt namn.