I kartet over kan du sjå trafikkbildet i Nordhordland og Gulen. Grønt betyr at trafikken flyt fint, raudt betyr kø.

Påskehøgtida og -ferien er i gang for mange. For resten, utanom dei heltane som må jobba dei raude dagane, er gjerne onsdagen dagen ein kan ta nokre dagar påskefri.

Mange har reist

Det betyr blant anna meir trafikk på vegane, utan at ein ventar dei største problema, seier trafikkoperatør Katrina Kvåle hos vegtrafikksentralen (VTS).

– Me forventar ein del folk og litt trykk på ettermiddagen, men me ser at ein god del reiste før helga.

Sjølv har VTS bemanna greitt opp med folk onsdag. Men erfaringa tilseier at det er på heimfarten folk kan måtte smøra seg med tolmod.

– Me såg i fjor at utfarten spreidde seg, men så skal mange heim samtidig, seier Kvåle og peikar på veret som ein faktor som speler inn når folk vender snuten heimover.

Har du påsketips – eller tips generelt – til oss? Kontakt Strilen på tlf 971 51 020, desk@strilen.no eller via Facebook.

Vågsbotn såg slik ut onsdag kl 14.20. Foto: Statens Vegvesen

Fine, berre vegar

Alle dei største vegane og fjellovergangane er opne, så det skal litt til for at det skal bli problem. Du kan også bruke vegvesenet sine sider for å sjå ståa.

Strilen.no vil sjølvsagt også oppdatere om det skjer noko langs vegane våre:

Trafikk og hendingar: Her melder me det siste som skjer lokalt i trafikken, men også anna nytt som brannar og redningsaksjonar.

PS: Uansett korleis du brukar påsken, bruk gjerne #strilen når du deler bilda dine i sosiale media. Følg også Strilens Instagram-side.