Det var klokka 20.10 i går at naudetatane fekk meldinga om ei trafikkulykke ved Høyvik i Gulen. Ein person skal ha vore i bilen, men han skal ha komme frå det utan nemneverdige skadar.

– Første eining på staden var brannvesenet. Dei melde at bilen var totalskada. Dei gjorde bilen straumlaus og låg ut absorberande stoff då det var ein del lekkasjar frå bilen. Etter det vart vegen rydda, seier Sigbjørn Villanger hos 110-sentralen i Bergen.