Reiarlaget Norled har frå torsdag kveld erstatta ferje med skyssbåt i sambandet Fedje-Sævrøy.

Dette sambandet er til vanleg operert av M/F Fedjefjord, men medan denne er på planlagt verkstadopphald er reserveferja M/F Utne sett inn.

Tidlegare denne veka var det vinden som laga problem, samt at ein av baugportane ikkje ville løfta seg. Denne gongen er det motortrøbbel, og inntil vidare går det altså skyssbåt i sambandet. Norled melder at skyssbåten vil følgja rutetidene for ferja.

Olje i kjølevatnet

Norled sin regionsjef for ferjedrifta, Inge Andre Utåker, melder fredag morgon at det ikkje er klart når M/F Utne er i drift igjen.

– Det er sannsynlegvis lekkasje i ein oljekjølar, i alle fall kjem det olje i kjølevatnet. Om me held fram utan å gjera noko risikerer me at motoren havarerer, og no er me i kontakt med Scania for deler og assistanse, opplyser Utåker.

M/F Fedjefjord har ei veke igjen av verkstadopphaldet.

Må ha reserve

Etter at ein har fått sjekka problema på M/F Utne fredag føremiddag, opplyser Utåker at det vil ta tid å få orden på denne ferja.

No vil Norled henta inn ei anna reserveferje for å erstatta M/F Utne i sambandet.