Lindås kommune jobbar med ei rullering av kommuneplanen sin arealdel, og har kjørt ein runde med opne folkemøte rundt om i kommunen der dette har vore diskutert.

Vatnøy har merka seg at oppslutnaden om desse møta har vore mindre enn ved tilsvarande tidlegare rundar, og håpar at også dei som ikkje var på møta veit om fristen for å komma med innspel, som er 14. september.

Her kan du lesa meir om rulleringa av arealplanen, og komma med dine innspel.

– Heldigvis skal det vera litt fleksibilitet i systemet her, administrasjonen har sagt at ein tek omsyn også til innspel som kjem i løpet av helga eller måndag, seier Vatnøy.

– Det skulle no eigentleg berre mangla, sidan kommunen er til for innbyggjarane og ikkje motsett.

Bur du på dispensasjonstomt?

Vatnøy ber særleg folk som har fått bygga hus på dispensasjon i område som eigentleg er sett av til landbruk, natur og friluftsliv (LNF), om å komma med innspel til arealplanen.

For sjølv om ein har fått lov å bygga hus, kan det vera at tomta framleis ligg i arealplanen som LNF/grøn.

– Desse bør no komma med innspel om at tomta deira vert omgjort til bustadføremål, slik at dei slepp å søka om dispensasjon om dei seinare vil bygga ein garasje eller liknande, seier Vatnøy.

Avgrensa emne

Lindås kommune si rullering av arealplanen omfattar ikkje tre område der kommunen kjører eigne planprosessar, det er 1. Kommunedelplan for Lindåsneset med Mongstad, 2. Kommunedelplan for Lindåsosane, Lygra og Lurefjorden og 3. Kommunedelplan for Knarvik-Alversund med Alverstraumen.

Kommunedelplan for Knarvik-Alversund med Alverstraumen er også under arbeid no - i ein eigen planprosess.

For det arealet som er omfatta av rulleringa, ber kommunen om innspel knytt til seks tema: Grønstruktur, landbruk-, natur- og friluftsområde, byggeområde for naust og småbåthamner, bustadutvikling, sentrumsutvikling og næringsutvikling.