Det var torsdag ettermiddag at politiet hadde åtferdskontroll med fokus på bilbelte og mobilbruk i Isdalstø.

Og konklusjonen etter eit par timars kontroll frå klokka 14 til 16.15 var overraskande.

– Utrykkingspolitiet (UP) har halde ein kontroll med fokus på bilbelte og mobilbruk på fylkesveg 57 Lindåsvegen. UP har meldt inn til oss at samtlege forenkla førelegg var skriven ut for mobilbruk, seier operasjonsleiar Dag Olav Sætre.

Han er vant med å få rapportar frå UP, men slår fast at dette var utanfor normalen.

– Dei stod der eit par timar og det er litt trafikk i området der, men dette var eit veldig høgt tal, seier Sætre.

36 bøter gonga med 1700 kroner blir totalt 61.200 kroner inn til statskassen.