I livets siste fase er det godt å ha ei hand å halda i. Dessverre er det mange i Norge som døyr aleine, og det er her vaketenesta kjem inn. Formålet er å tilby medmenneskeleg nærvær til døyande og deira pårørande, og vera tilstades i dei tilfella der det ikkje finnest pårørande, eller dei pårørande ikkje kjenner seg i stand til å vaka sjølv.

Heimesjukepleiaren slo alarm

I Nordgardsløa i Meland møter Strilen tre trivelege damer som alle har opplevd å mista nokon nær seg. For å vera frivillig i Røde Kors si vaketeneste, er det faktisk eit krav at ein har site med nokon som har gått bort.

– Eg sat fleire veker ved mannen min då han døydde av kreft, fortel Mona Flekke.

– Kvar natt sov eg i ein stol ved senga hans. Eg våga knapt forlata rommet. Eg måtte heile tida sjekka om han pusta. Ein dag då heimesjukepleiaren var inno, spurde ho meg om kor eg sov. Då eg fortalde at eg hadde sove i stolen i tre-fire veker, slo ho alarm. Så fekk me nattevakt som lova å vekka meg om noko skjedde. Då kunne eg endeleg slappa av. Den natta sov eg i 14 timar, fortel ho.

Skuggeteneste

Det er ei tøff oppleving å sjå nokon døy. For dei frivillige i Røde Kors si vaketeneste, har dei tilbod om noko som heiter skuggeteneste.

– Det vil seia at me er to som sit i lag, fortel Rita Hindenes.

– Når eg får mitt første oppdrag, ønskjer eg at me skal vera to. Eg sat vake for mor mi og det var ei sterk oppleving. Nokon døyande ønskjer kanskje ro og stillheit, men mor mi ville ha på radioen, og me måtte syngja for henne. Me song til me var hese. Då ho trakk sine siste andedrag var det nesten ei lette. Det kan også samanliknast med ein fødsel, noko ein har venta på, og så kjem alle kjenslene, seier ho.

BROSJYRE: Denne informasjonsbrosjyren om vaketenesta er lagt ut på sjuke- og aldersheimar. Foto: Lise Viken

Rørandes behov

Tilbakemeldingane har berre vore positive på den nye tenesta.

– Dei aller fleste me har snakka med har vore i ein liknande situasjon, enten har dei vore i dette sjølve eller så kjenner dei nokon. Ei dame som fekk ei brosjyre, vart heilt rørt, fortel Gunn Krokeide.

– Folk ser behovet for denne tenesta. Det er få situasjonar ein kan gje så mykje til ein person som nettopp på dødsleie. Dei skal sleppa å vera redde.

Livssynsnøytrale

Hordaland er eit av dei fylka der Røde Kors har fått lov å starta med vaketeneste. Tenesta er ganske ny i Norge, etter at Røde Kors i 2015 starta opp eit pilotprosjekt i Eidskog og Moss. No er det fase to som skal gjennomførast, og fleire lokallag i Hordaland er involverte.

– Me skal ikkje vera ei erstatning for helsepersonale, og me er ikkje pårørande. Er det behov for sjukepleietenester når me sit der, då skal me tilkalla dei. Ofte kan me komma innom ein periode om dei pårørande treng ein pause, må ut ein tur eller liknande, seier Gunn.

Tenesta er meint både for sjukeheim, aldersheim og i private heimar.

Når dei skal vaka vil dei bæra Røde Kors-merket og ID-kort.

– Folk skal vita kven me er, og at me kjem som livssynsnøytrale personar. Men ligg det ei salmebok framme og om nokon ønskjer at me skal lesa eller syngja, så gjer me sjølvsagt det.

Klare for oppdrag

No håpar de tre damene at folk tar kontakt.

– Per i dag er me ni personar som har vore på kurs og er klare til å ta fatt på Vaketenesta i Lindås og Meland. No håpar me at alle vil hjelpa å spreia bodskapen om det nye tilbodet, som er gratis. Både privatpersonar og institusjonar ta kontakt, anten på epost til vaketjeneste@nhrk.no eller på telefon 481 83 087. Ein kan også lesa meir om tenesta på Røde Kors sine heimesider.