Nordhordland brann og redning rykte like etter klokka 19 onsdag ut etter ei melding om ein brann på eit kjøkken i Strandvegen i Knarvik. Politiet var òg raskt på staden og alle i huset kom seg raskt ut frå huset.

Det melde 110-sentralen og Vest politidistrikt på Twitter.

– Det har vore ei varmeutvikling frå ein mikrobølgeovn. Det vart meld om ein del røyk på adressa, men det viste seg heldigvis å vera udramatisk. Eg forstår at det kan verka dramatisk for dei som bur der, men alt i alt enda det godt, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Dag Olav Sætre, til Strilen.

Brannvesenet sende inn røykdykkarar siden dei ikkje såg nokon synleg brann, og fekk raskt kontroll på situasjonen.

Politiet melder like etter kl. 19.30 at brannen er sløkt.