To bilar var involvert i eit trafikkuhell på Hagelsundbrua mellom Knarvik og Flatøy fredag ettermiddag. Politiet melde om hendinga klokka 14.03.

Det skal ikkje vere personskade, og både politi og helse kom fort til.

Ikkje lenge etter starta politiet med manuell dirigering. Per klokka 14.15 var det begynt å bli lange køar gjennom Knarvik og over Flatøy.

Kvarteret seinare stod køen over Nordhordlandsbrua og mot Hordviktunnelen. På Knarvik-sida var det kø ned mot Isdalbakken og mot Gjervik.

Men ikkje lenge etter blei vegen rydda og køane begynte å løyse seg opp.

Skyss melder om forseinkingar på linje 300, 300E, 320 og 340.

Følg trafikken direkte i kartet. Der kan du sjå trafikkbildet for Nordhordland og Gulen. Grønt betyr at trafikken flyt fint, raudt betyr kø.

Slik såg det ut over Nordhordlandsbrua klokka 14.34 fredag ettermiddag. Foto: Statens Vegvesen
Ikkje overraskande var nødetatane raskt på plass. Foto: Erlend Kristiansen
Ulykka skjedde midt på Hagelsundsbrua. Foto: Erlend Kristiansen
Køane stod gjennom Knarvik like etter hendinga Foto: Erlend Kristiansen
Foto: Erlend Kristiansen
Foto: Erlend Kristiansen