Rykande ferske opplagstal viser at Strilen no har 5668 abonnentar. Det er 395 fleire enn året før og 814 fleire enn i 2016.

Rett nok er reknemåten lagt om fleire gongar dei siste åra, slik at tala frå 2017 og 2018 ikkje er direkte samanliknbare.

– Eg trur Strilen sitt lokale fokus er det største konkurransefortrinnet vårt, og avisa har vorte endå meir lokal denne vinteren. Bergen og Førde overlet vi til andre, seier Fjeld.

Opp og ned

Veksten frå 2017 til 2018 er på 7,4 prosent. Frå 2016 til 2018 er veksten heile 16,7 prosent.

– Frå første til andre halvår 2018 er det forsiktig nedgang i opplaget for Strilen, men den store trenden er at Strilen veks. Frå 2017 til 2018 vaks Strilen-opplaget frå 5273 til 5668, seier Fjeld.

– Til liks med resten av bransjen mistar Strilen papirabonnentar. I vinter har vi jobba knallhardt med å fornye journalistikken vår, og styrke oss i dei digitale kanalane våre. Eg trur vi har lagt grunnlaget for at Strilen kan tilby ei endå betre avis til leasar og annonsørar i tida fremover.

Opplagstala blir presentert av Mediebedriftenes Landsforening (MBL) og Landslaget for Lokalaviser (LLA).

– Avhengige av dykk

– Eg vil nytte høvet til å takke alle lesarar, abonnentar og annonsørar – og alle som sender oss tips, bilde og debattinnlegg. Vi er heilt avhengige av dykk for å kunne gjere jobben vår og lage ei god avis.

Strilen høyrer innunder Schibsted-selskapet Lokalavisene AS. Der finn ein og tre andre aviser i området rundt Bergen. Også for dei andre har det vore ei bra utvikling: