Det var onsdag 12. september at fylkesveg 92 i Stordalen (på Høyanger-sida) blei stengt etter eit sprengingsuhell.

Det er BKK som i sommar og haust har arbeida ved dammen ved Stordalsvatnet, og det var i samband med dette arbeidet at ein henta ut stein frå steinbrotet ved Krokevatnet.

– BKK arbeider der oppe og hadde leigd inn ein entreprenør, som skulle sprenga ved eit steinbrot. Då skjedde det eit uhell, slik at det ramla stein ned på brua, uttalte kommunikasjonsrådgjevar i BKK Jarle Hodne.

Vegvesenet melde at brua ikkje vart opna med det første og at ei ny vurdering ville bli gjort 24. september.

– Det har komme ned ein del stein, der ein del av dette har landa på brua. Det er vurdert slik at det har blitt omfattande skadar på den.

Vegvesenet fortel måndag at brua vart opna igjen 21. september, og at dermed er fritt leide igjen på vegen mellom Matre og Bjordal.