Regjeringspartia Høgre og Framstegspartiet vil kutta hardt i kommunane sine mulegheiter til å skattlegga verk og bruk. I deira framlegg til statsbudsjett for 2018 var denne skatten fjerna stegvis frå 2019 til 2023, ei endring som særleg for Lindås ville betydd betydelege inntektssvikt.

I kveld er det klart at regjeringspartia har nådd fram i forhandlingane med Venstre og Kristeleg Folkeparti, og ein del av denne semja er at Høgre og Frp har fått gjennomslag for ei skatteendring, der eigedomsskatten på produksjonsutstyr skal vekk i løpet av sju år, frå 2019 til 2025. Men kommunane som taper på endringa skal kompenserast.

Byrknes: Skuffa

– Eg må seia at eg er veldig skuffa, seier Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes, som kring klokka sju i kveld vart orientert om resultatet av regjeringsforhandlingane.

Kristeleg Folkeparti har tidlegare i november sagt nei til å endra denne skatten, men har altså valt å prioritera andre saker i regjeringsforhandlingane.

– I dag er eg skuffa også over KrF, sjølv om eg veit at partiet sine representantar har kjempa dei siste dagane for å la kommunane behalda desse inntektene.

– Sjølvstyre

– Dette er ei viktig prinsipiell sak, som har med lokalt sjølvstyre å gjera, seier Byrknes, og peikar på at dette påverkar kommunane sine mulegheiter til sjølve å styra sine inntekter.

– Det er over 300 kommunar som har støtta at dette må utgreiast gjennom eit lovutval. Og så vert det i staden kutta med eit pennestrøk gjennom budsjettforhandlingar. Slike prinsipielle saker høyrer ikkje heime i eit statsbudsjett, men ein burde heller fått fram eit lovutval, slik me frå kommunane si side har etterlyst fleire gonger tidlegare.

– Skal kompenserast

Byrknes har i kveld fått melding frå KrF sin partileiar Knut Arild Hareide om at kommunane skal kompenserast fullt ut for inntektssvikten. Detaljane i denne kompensasjonsordninga er viktige for Lindås, for medan kommunane sin interesseorganisasjon KS meiner det er tale om ein inntektsnedgang på 1,2 milliardar, så er det berre lagt inn 500 millionar til kompensasjon.

– Det skal framleis vera eigedomsskatt på kraftlinjer, og då skal 500 millionar vera tilstrekkeleg til å kompensera dei kommunane som misser inntekter, seier Helge André Njåstad, som er finanspolitisk talsmann i Framstegspartiet.

– Dette er eit godt kompromiss mellom regjeringspartia Frp og Høgre, og Venstre og KrF, som skal ivareta både industrien og kommunane, seier Njåstad.

Nesten fullt ut

KrFs finanspolitiske talsperson Kjell Ingolf Ropstad er ikkje like tydeleg som Njåstad i at kommunane vert kompenserte fullt ut.

– Me har klart å finna ei løysing med å ta ut kraftlinjer som halverer skattetapet for kommunane, og i tillegg ei kompensasjonsordning som så og seia kompenserer skattebortfallet til kommunene heilt. Me meiner at me har funne ei løysing som ivaretek omsyn både til industri og kommunar, er oppsummeringa frå Kjell Ingolf Ropstad.