SISTE KL 2250: Situasjonen etter brannen i Austrheim er avklart, og evakueringssona på mange hundre meter er oppheva. Acetylen-flaskene, som kunne utgjere ein fare, er målt med varmesøkande kamera. Dei er no så kalde at dei ikkje lenger utgjer ein fare.

Ifølge politiet blei kring 20 hus evakuert i løpet av kvelden.

Mange ringte 110

Ei løe stod måndag kveld i full fyr på Lagmannsneset i Austrheim kommune. Det aktuelle området ligg eit lite stykke frå Joker på Austrheim.

– Det kom mange meldingar om fyr i ei gammal løe. Det er relativt flatt i området, og i mørke kvelden er det nok mange som har sett flammane, seier vaktkommandør Sigbjørn Villanger, hos 110-sentralen, klokka 21.10.

Villanger og brannvesenet fekk inn første melding klokka 20.22. Alle naudetatane rykka ut til staden og brannvesenet starta straks sløkking.

EVAKUERT: Folk vart jaga vekk frå brannstaden medan naudetatane jobba med å skaffa kontroll. Foto: Gunn Berit Wiik

Evakuerte området

Ifølge brannvesenet vart det meldt om acetylen-flasker i nærleiken, slik at folk innanfor ein radius på 300 meter vart beden om å evakuera vekk. Inntil situasjonen vart avklart, blei folk dirigert heilt bort til Joker-en av politiet.

– Viss dei går av, så er det akkurat som nokre rakettar, beskreiv Villanger i brannvesenet.

Ein skarpskyttar frå politiet i Bergen vart kalla ut til Austrheim for å uskadeleggjera flaskene.

– Først sende me Austrheim brannvesen, men fordi det brann kraftig og ein trengte ekstra vanntilførsel, så ønskte vakthavande støtte frå Radøy brannvesen. Etter ei stund fekk me høyra at det var acetylen-flasker i eit bygga like ved, så då vart det sett i gang ein større evakuering, sa Villanger.

Skarpskyttaren vart det aldri brukt for då brannvesenet brukte varmesøkande kamera på flaskene. Flaskene vart vurdert som så avkjølte at dei ikkje lenger utgjorde ein trussel.

Villanger ved 110 Hordland bekrefta i 21-tida at løa var overtent og kom til å brenna ned. Brannmannskapa vart også evakuert i lag med alle andre, og dei måtte difor avbryta sløkkinga.

SKARP: Ein skarpskyttar frå politiet i Bergen rykka ut til Austrheim. Det vart ikkje brukt for han og våpenet hans denne kvelden. Foto: Gunn Berit Wiik

Ingen skadd

Verken dyr eller menneske skal ha komme til skade i brannen eller dramatikken som oppstod, men mange evakuerte måtte venta tolmodig på utsida av evakueringssona enn så lenge naudetatane jobba med å avklara situasjonen.

Ifølge Strilens journalist på staden blei to-tre hus innanfor evakueringsssona evakuert. Seinare fortalde politiet at kring 20 hus blei evakuert i løpet av kvelden. Mange samla seg utanfor evakueringssona, både evakuerte og andre nysgjerrige.

Politiet melder at brannen vil bli etterforska.

Foto: Gunn Berit Wiik