Det er klart etter UDI no har vedtatt å seia opp totalt 950 ordinære mottaksplassar og 445 plasser for einslege mindreårige innen 1. mai 2017.

Oppseiingstida er på mellom tre og fire månader.

– Eg kjenner godt til den flotte innsatsen kommune, mottak, lag og organisasjonar har bidratt med. UDI takkar driftsoperatørar, mottak og lokalsamfunnet for å ha gjort ein stor innsats med å husa asylsøkjarane, samt frivillige organisasjonar som har organisert aktivitetar for bebuarane. Det var ikkje ei enkel avgjerd, men nødvendig om enn krevjande, seier Stig Arne Thune, regiondirektør i UDI Regionkontor Vest.

Avgjerda blir grunngjeven med at det kjem færre asylsøkjarar til Norge, og at fleire av bebuarane på ulike mottak anten blir busette i kommunane eller må reisa ut av Norge. Det betyr at det er færre som flyttar inn på mottak enn det er personar som flyttar ut. I 2015 kom det 31.150 asylsøkere, mot 3.460 i 2016.

Flyktningane som bur på mottaket på Vågseidet vil no bli overført til andre mottak.

– Eg vil ta initiativ til møte med politisk og administrativ leiing for eit evalueringsmøte, vidare skal me og ha møte med dei tilsette før mottaket blir lagt ned, seier Thune.

I Region Vest er det tre mottak som no forsvinn. Ved sidan av det på Vågseidet skal Sund statlege mottak og Gjesdal statlege mottak leggjast ned.

Thune meiner det er ekstra vanskeleg med nedlegging når det gjeld einslege mindreårige asylsøkjarar. – Dei har gjerne flytta før, og opplevd fleire relasjonsbrot. Men handlar om økonomi og politiske prioriteringar. Me i UDI meiner òg at det står for mange senger tomme på norske asylmottak, seier Thune.