Fleire som har ringt Strilen, fortel at dei har ringt Vegtrafikksentralen utan å få noka forklaring.

Men dette skuldast nok kommunikasjonsproblem. For Mariann Kråkenes Jørgensen i Statens vegvesen fortel til Strilen at dei med verknad frå klokka 06.00 onsdag 22. mai, innførte leiebilkøyring begge vegar gjennom tunnelen.

I kartet over kan du følgje med køen.

Dette har dei gjort for å gi dei som bur langs omkøyringsvegen betre forhold sjølv om det også forseinkar trafikken noko meir på Fv 57 gjennom tunnelen, forklarer ho.

– I dei siste dagane har det også vore mogleg å korta ned på avstanden, og dermed tida kolonna brukar på å køyra strekninga, legg ho til.

Ho forklarer at første byggefase i oppgraderinga av tunnelen inneber omfattende grunnarbeid i vegbana, og at ein difor må ha leiebilkøyring gjennom tunnelen på dagtid og totalstengt på natt.

– Når første byggefase er over, sånn midt i juni ein gong, vil tunnelen vera open for fri ferdsle i begge retningar på dagtid og framleis totalstengt på natt, seier Jørgensen.

Strilen har stilt fleire spørsmål til prosjektleiinga om omkøyringa, men desse har dei ikkje kapasitet til å svara på før seinare. Me kjem difor tilbake med eit utvida tilsvar frå vegvesenet.

Har endra til lengre kolonner

At det ikkje blei kø onsdag morgon, men kjempelange køar torsdag, trur Jørgensen skuldast at det blei gjort endringar i måten å køyra leiebil på.

– Eg kjenner ikkje dette i detalj, men dei har nok endra lengden på kolonna, seier ho. Til i ettermiddag reknar ho difor med at dei har funne rette lengda for å få betre flyt i trafikken.