Fiskeridirektoratet har mottatt melding om at rundt 10.000 oppdrettslaks har rømt i Sognefjorden.

Rømming i helga

Fisken har ei snittvekt på kring 4 kilo. Slakteriet Brekke AS, som laksen rømde frå, har sett opp gjenfangstgarn og fått pålegg fra Fiskeridirektoratet om å utvide området gjenfangstaktiviteten skjer i til Ortneset-Apestoda/Skrikeberget (Risnefjorden).

Slakteriet held til i Instefjord i Gulen, like bortanfor E39. Rømminga skal ha skjedd i løpet av helga fortel Leni Marie Lisæter, som er seksjonssjef i Fiskeridirektoratet.

– Vi har vore på tilsyn i dag. Der har vi vore gjennom anlegget, blant anna for å skaffe oss oversikt over hendingsforløpet. Det er prosedyrar vi har når vi får beskjed om rømming.

Gjenfangst i Risnefjorden

Ho seier at det vanlegvis er krav om gjenfangst innanfor 500 meter, men på grunn av fjorden og tips frå publikum, er sona utvida til å gjelde heile Risnefjorden, det vil seie heilt ut til Ortneset.

Det var kring 700 laks att då dei tilsette kom att på jobb.

Fiskeridirektoratet fortel at slakteriet vil ta imot fanga fisk frå private som ønsker å levere. Gjeldande fiskereglar må følgjast, skriv dei.

Dei vil også ha tips frå publikum om fangst av oppdrettslaks i området. Nummeret til Fiskeridirektoratet sin døgnopne vaktsentral: 55 23 83 37 / 911 03 277. Slike tips vil hjelpe til med å kartlegge omfanget over kor mange fisk som er tatt.