Tysdag 30. juli ramma eit kraftig uvêr Vestlandet, der særleg indre strøk fekk nokre skikkelege «bøtter» frå oven. Det gjekk blant anna fleire ras i Sunnfjord, men det rasa også på fylkesveg 569 ved Stokkevika på vegen mellom Romarheim og Mo. I alt sju personar måtte bli evakuert vekk frå hytte og bil i området.

I nær ei veke har vegen vore heilt stengt og vegfarande har vore avhengige av å finne andre løysingar for å ta seg fram.

Slik såg det ut etter at eit ras gjekk over vegen mellom Romarheim og Mo 30. juli. Foto: Morten Helland

Måndag klokka 10 hadde Vegtrafikksentralen varsla om at det skulle komme ei ny vurdering.

– Vegen vil bli opna for trafikk klokka 22–08 og frå 16–18 frå og med i dag (måndag jour.mrk). Fredag blir det opna klokka 16 og vil vere open til klokka 08 igjen måndag morgon.

Arbeidet med å retta opp igjen skadane på vegen er såpass omfattande at ein vil halde på i nokre veker framover, opplyser vegstellet.