• Sjå prisane nedst i saka

Frå og med 1. februar er det nye prisar som gjeld på buss og bane, etter at fylkestinget for ei stund tilbake vedtok dei nye takstane.

Vanlegvis tenker ein at nye prisar betyr prisauke, men denne gongen er det fleire som kan glede seg over at det blir billigare.

Av positive endringar kan ein blant anna lese at prisane på periodebillettar for vaksen, honnør og student går litt ned. Det blir også gratis for barn til og med 5 år (tidlegare 3 år), medan barnebillett no gjeld til og med 17-åringar (tidlegare 15 år), melder Skyss.

Prisen på enkeltbillett (kjøpt på førehand) går opp frå 37 til 38 kroner. Kjøper du om bord vil det framleis kosta 60 kroner. For barn er det høvesvis 19 og 30 kroner som gjeld.

BillettyparPris 2018Pris 2019
Enkeltbillett vaksen/student (kjøpt på førehand)3738
Enkeltbillett barn/honnør (kjøpt på førehand)1919
Enkeltbillett vaksen/student (kjøpt om bord)6060
Enkeltbillett barn/honnør (kjøpt om bord)3030
7-dagarsbillett vaksen255245
7-dagarsbillett barn115115
7-dagarsbillett honnør130125
7-dagarsbillett student155145
30-dagarsbillett vaksen810780
30-dagarsbillett barn365365
30-dagarsbillett honnør405390
30-dagarsbillett student485460
30-dagars ungdomsbillett365365
180-dagarsbillett vaksen40503900
180-dagarsbillett barn18351835
180-dagarsbillett honnør20251950
180-dagarsbillett student24302340
24-timarsbillett vaksen95100
24-timarsbillett barn/honnør5050