Det seier Sigbjørn Villanger ved 110 alarmsentralen.

Ved 12.45-tida fredag melde dei at ein bil hadde kjørt utfor E39 ved Mundalsbergtunnelen i Lindås. Utforkjøringa skjedde på strekninga mellom tunnelen og avkjørsla til Leknes.

BRATT: Bilen vart hengande i ein bratt skrent.

– Det er ein varebil som har kjørt utfor. Bilen hamna 50 meter nede i ei skråning. Sjåføren, som var aleine i bilen, er tatt hand om av redningsmannskap. Han var bevisst, seier Villanger.

Bilen ligg i svært bratt terreng i sjøsida.

Ved 13.20-tida var det manuell dirigering på staden, men vegen må truleg stengjast ein periode når bilen skal trekkast opp frå skråninga.