Til saman ni personar i kommunen har testa positivt på kikhostesmitte dei siste vekene, melder Lindås kommune på sine nettsider.

Kraftige hosteanfall

Kikhoste er ein smittsam sjukdom som vert forårsaka av bakterien Bordetella pertussis.

Den startar som regel med typiske symptom på forkjølelse, som mild hoste, snørr og lett feber, og så etter 1–2 veker kjem hosteanfalla. Eit typisk kikhosteanfall vert kjenneteikna av hostekuler som kjem i serier og som vert avslutta med ein kraftig innpust. Ein «kikende» lyd. Hosteanfalla kan vera så kraftige at barnet blir både raudt og blått i ansiktet. Naseblødning og sprengte blodkar på augo er heller ikkje uvanleg, og hosten er ofte verst om natta, kan ein lesa på nettstaden Norsk helseinformatikk.

Dei fleste er vaksinerte

Dette er ein av sjukdommane som ein vaksinerer mot i barnevaksinasjonsprogrammet. Ein reknar med at vaksinen gir omlag 85 prosent vern mot sjukdommen. Det betyr at det i nokre tilfelle vil vera barn som er vaksinert som får sjukdommen.

Lindås kommune opplyser at vaksinasjonsdekninga i kommunen er høg, men sidan det er registrert ein del tilfeller i kommunen den siste tida, så går dei no ut med litt informasjon om sjukdommen.

– Dersom dei vaksinerte blir sjuke, er sjukdommen som regel mildare og meir kortvarig. Dei fleste tilfelle av kikhoste blir meldt hos eldre barn, vaksne og eldre. Symptoma er langvarig hoste, men ofte utan den karakteristiske kikinga. Det ser ut til at antibiotika har ei viss effekt, spesielt tidleg i forløpet, men sjukdomen går til slutt over av seg sjølv, skriv kommunen.

Grunnen til at ein vaksinerer barn mot kikhoste er at sjukdommen kan vera farleg for små spedbarn.