Klokka 18.56 fekk politiet melding om eit mindre steinras.

Litt stein skal ha hamna i vegbana mellom Vikanestunnelen og Urdalstunnelen i Lindås.

– Det er ikkje stort, men det kan vera fare for punktering om ein kjører over steinane, skriv politiet sin operasjonssentral i Bergen i ei melding på Twitter.

Vegen er ikkje stengt.