Status søndag morgon: Rundt midnatt meldte brannvernet at dei hadde kontroll på brannen på Vikanes. Helikoptra avslutta arbeidet, men brannen var ikkje heilt sløkt og brannmannskap og Sivilforsvaret var på staden gjennom natta. På grunn av høg varme i jordsmonnet, var det fare for oppblussing. I løpet av natta blussa brannen litt oppigjen, men den vart slått tilbake og status søndag morgon er at ein har god kontroll på situasjonen.

I følgje politiet vart totalt sju personar som var i hus/hytter i området evakuerte, og ivaretatt av kommunen.

Kl.20.30. Det brenn framleis godt i fjellsida. Dei to brannhelikoptra flygg i skytteltrafikk. Dei henter vatn i fjorden og pøser på, samtidig med at mannskap frå fleire brannstasjonar jobbar saman på bakken. Sløkkjearbeidet vil halda fram utover kvelden og natta.

Klokka 20.15: Vegen er delvis opna for trafikk. Manuell dirigering. Sjå eiga sak om trafikken på E39.

Klokka 19.35: Helikoptra er i lufta igjen. E39 er framleis heilt stengt, melder Strilen sin journalist på staden.

STORE MANNSKAPER: Mannskap frå mange stasjonar jobbar saman. Både brannmannskap frå Lindås, Meland og Modalen, Masfjorden og Åsane er i sving. Dei får hjelp av helikopter. Sivilforsvaret mobiliserer også, og er venta til staden. Foto: Erlend Nordland Kristiansen
PØSER PÅ: To helikopter henter vatn frå fjorden. Dei flyr opp og ned heile tida og pøser på med vatn Foto: Erlend Nordland Kristiansen
STENGTE: Då brannhelikopetera kom blei E39 sperra for vegfarande. Foto: Erlend Nordland Kristiansen

Klokka 19.20: To helikopter er framme på Vikanes. - Vegen er stengt. Helikoptra har landa midt på E39 og riggar seg til. Det ser ut som dei har tenkt å henta vatn frå sjøen, melder Strilen sin journalist på staden. Køen på E39 står gjennom tunnelen på Vikanes-sida.

GJER SEG KLARE: I 19.20 tida landa to helikopter midt på E39 ved kaien på Vikanes. Foto: Erlend Nordland Kristiansen
HELIKOPTER PÅ PLASS: To helikopter har landa på E39 og planlegg no korleis dei skal angripa brannen. Foto: Erlend Nordland Kristiansen

Klokka 19.14: Eitt brannhelikopter er kome til staden få delta i arbeidet

Klokka 18.58: - Brannen spreier seg i to retningar. Både oppover og litt sidelengs. Brannmannskapa konsentrerer seg no om å skjerma bebyggelsen. Det er frykteleg bratt oppover i terrenget. Det bratte terrenget og vinden er dei største utfordringane våre, seier operasjonsleder i brannvesenet, Ronald Drotningsvik til Strilen.

Han har førebels ikkje fått melding om at nokon av brannhelikoptra som er kalla ut er kome fram til staden.

– Først vart det sendt ut eitt helikopter frå Sauda og eitt frå Kinsavik, men det frå Kinsavik måtte returnera av ein eller annan grunn. No er det sendt ut eit nytt helikopter lenger nord frå i staden for det som måtte returnera. Det betyr at det framleis er to helikopter på veg til staden, men eg veit ikkje no, når ein kan rekna med at dei er framme, seier han.

Drotningsvis opplyser vidare at Sivilforsvaret mobiliserer.

– Det tek ei stund før dei er på plass og klare til innsats, men dei kjem. Dei er innstilte på å jobba saman med brannmannskap på staden utover natta.

SPREIER SEG FORT: Grasbrannen starta på Botsholmneset, som ikkje er så langt frå Vikanes og spreier seg fort. Foto: Geir-Åge Follesø

Klokka 18.43: Brannen spreier seg sidelengs og oppover fjellet. Brannvernet går inn i sør for å stoppa brannen mot bebyggelsen. To skogbrannhelikopter er på veg, melder 110-sentralen på Twitter.

Klokka 18.18: Operasjonsleder i politiet, Bjarte Rebnord seier til NRK Hordaland at dei evakuere folk fra bebyggelsen rundt brannen. Det skal være snakk om fem hus som er i faresonen.

– Eg kan sjå korleis brannmannskapa jobbar seg oppover i terrenget og kjempar mot brannen, men det brenn voldsomt, seier Geir-Åge Follesø til Strilen klokka 18.

Han har hytte på Osterøy og ser rett over til brannstaden. Follesø oppdaga brannen tidleg.

– Først trudde eg at det var nokon som hadde laga eit veldig stort bål i hagen, og så forstod eg at her brann det skikkeleg og at dette var ute av kontroll. Herifrå har me sett korleis flammane har jobba seg fort oppover fjellsida. Det er ulendt og vanskeleg terreng å komma til i, seier han.

Då Strilen snakka med han, såg han ikkje noko brannhelikopter i lufta, men det skal vera på veg til staden.

Klokka 17.50: - Eit helikopter er nettopp sendt, opplyser operasjonsleiar i brannvernet til NRK Hordaland.

Klokka 17.15 er status at brannmannskapa er kome fram til staden.

Bjarte Rebnor, operasjonsleiar i Vest politidistrikt opplyser til Bt.no at flammane driv oppover og vekk frå eit hyttefelt, og at det er ingenting som tyder på at vinden skal snu.

Brannen er ved Botsholmneset, som ikkje er så langt frå Vikanes.

Politiet opplyser at det eine kjørefeltet på E39 er stengt ved brannstaden, og at dei dirigerer trafikken forbi.

– Mannskap frå Lindås og Meland er på veg til staden no. Eg har ikkje så mykje meir informasjon enn at det er meldt om brann frå ei adresse i Osterfjordvegen på Vikanes. Det er snakk grasbrann som spreier seg fort. Det er i terrenget og det skal ikkje vera hus eller folk i fare per no, får Strilen opplyst på telefon av vakthavande i 110-sentralen i Hordaland klokka 17.01.

Vaktleiaren må leggja på i ein fart fordi det renn inn med nye meldingar til 110-sentralen.