Ta samstundes ein test på at alt er i orden, kanskje er det på tide å skifta ut ein eller fleire av varslarane.

Er røykvarslaren meir enn 10 år skal han bytast ut med ein ny, heiter det i ei melding frå Gjensidige. Kvar dag er det over hundre branntilløp i norske heimar, og røykvarslaren reddar liv, men det krev at han fungerer som han skal. No framfor julehøgtida er det ekstra viktig å sjekka at batteria er skifta og varslaren fungerer, for no vert det brukt meir levande lys enn elles i året. Det vert også oppfordra til å gjennomføra brannøving med heile familien.