SISTE: Alle abonnentar i Gulen og Masfjorden som har vore utan straum har no fått den tilbake.

Vinden uler og regnet høljar ned over Nordhordland og Gulen, men regionen har så langt sloppe relativt billeg frå det.

Gulingar utan straum

Sånn følte kanskje ikkje ein del gulingar det, då 99 abonnentar i Dalsøyra-området var utan straum torsdag ettermiddag og kveld. For fleire av desse var straumen vekke i timesvis. Ifølge BKK var forventa innkopling klokka 22. Årsaka blir sagt til å vere «uvær i området».

Har du tips/bilde frå stormen? Gi ein lyd til erlend@strilen.no eller tlf: 47 84 14 02

Full beredskap

«BKK er i beredskap for ekstremværet Aina. Vi har ekstra montører i hele vårt nettområde og vi vil holde kundesenteret vårt åpent utover kvelden og natten.» melder BKK torsdag.

Ifølge BT var 770 abonnentar straumlause tidlegare på dagen i Masfjorden. Der tok BKK i bruk eit aggregat for å få lys att.

Ved straumbrot vil BKK - og Strilen etter kvart - oppdatera nettsidene.