Onsdag morgon publiserte Skatteetaten skattemeldinga for 2017. Oversikta viser skatteoppgjeret for 4,8 millionar nordmenn og 317.000 selskap.

Det samla oppgjeret for fjoråret viser at totalt 492 milliardar kroner blei betalt inn i skatt og avgift på inntekt og formue frå lønstakarar, pensjonistar og personleg næringsdrivande. Dei over 300.000 selskapa betalte på si side inn 81 milliardar i skatt, melder etaten.

Sjå kven som søker på deg

Inne på Skatteetatens nettsider kan ein også søka opp enkeltpersonar. Etter at Stortinget bestemte det i 2011, må ein no logga inn for å gjera dette. Personar som blir søkt opp har anledning til å logga på for å sjå kven som har søkt på sitt namn. Det er maks 500 søk i månaden per person og aldersgrensa er 16 år.

Sidan oktober i fjor har det vore 1,6 millionar søk i skattelistene, fordelt på 440.000 personar som har logga seg på. Før ein måtte logga inn var det 16,5 millionar søk av kring 930.000 personar.

Ingen reservasjon

Ifølge Skatteetaten er det ikkje mogleg å reservera seg mot å stå i skattelistene. Men skattelistene for personlege skatteytarar innheld ikkje følgande (oppdatert då skattelistene vart produsert):

  • opplysningar om personer med sperra adresse (lov om folkeregistrering)

  • opplysningar om personar der opplysningane som inngår kan avsløra eit klientforhold

  • opplysningar om personar som var 17 år eller yngre ved inntekstsårets utgang

  • opplysningar om personar uten fast bupel

  • opplysningar om avdøde personer

Fleste har pengar til gode

3,2 millionar fekk tilbakebetalt skatt til gode i årets skatteoppgjer, medan 760.000 betalte restskatt.

– Dei fleste treffer godt med å betala riktig skattebeløp gjennom heile året. Det å få restskatt eller skatt til gode skuldast at dine økonomiske forhold blei annleis enn det som skattetrekket blei utrekna på. Du kan unngå dette ved å justera opplysningar i skattekortet gjennom året, seier skattedirektør Hans Christian Holte.