Naudetatane rykte klokka 14:21 laurdag ut til trafikkulykke på Radøyvegen, fylkesvei 565. Ein bil skal ha køyrt i autovernet.

Det var ein person i bilen, men vedkomande fremstår som uskadd. Sjåføren skal ha vore ein mann i 60-åra.

Politi og ambulanse var på staden, og det var redusert framkomelegheit.

Det var ein del oljesøl på stedet, melde politiet.

– Vegtrafikksentralen er varsla og dei sender ut ein entreprenør for å fjerne sølet, sa Stein Rune Halleraker ved operasjonssentralen til Vest politidistrikt.

Politiet har ikkje mistanke om ruspåverka køyring.