TIPS: Telefon/SMS/MMS: 971 51 020, E-post: desk@strilen.no

SISTE: Vegen er opna for trafikk igjen.

Det er Vegtrafikksentralen som klokka 12.39 melde at det hadde vore eit trafikkuhell på E39 i Vikesundtunnelen.

Traff frontruta

Is frå tunneltaket hadde ramla ned og treft frontruta på ein bil, slik at den har knust. Både politi og ambulanse har rykka ut til staden.

Ifølge politiet var det to personar i bilen. Det skal ikkje vera snakk om alvorleg personskade.

– I enden av tunnelen har det komme noko nedfall som har knust ruta på bilen. Dei som var i bilen fekk glasbrot og is på seg. Dei kom frå det med nokre småskadar og ein god støkk, og blir sett til av ambulanse, seier Lars Geitle i politiet.

Vegen er no opna igjen.

Tauast vekk

– Bilen som blei treft var kjørbar, men hadde ikkje frontrute og må difor tauast. Den står no på sida av vegen.

Tidlegare var det meldt at uhellet skjedde i Eikefettunnelen, deretter i Vikanestunnelen. Begge delar var altså feil, det skjedde i den 316 meter lange Vikesundtunnelen.

Åtvara mot is

Nyleg gjekk politiet ut og åtvara bilistane om å passa seg for issvullar- og tappar langs vegbana, og særleg i nærleiken av tunnelopningar.

– Søndag (for ti dagar sidan, jour mrk.) fekk me melding om at det var issvullar både i Eikefettunnelen og tunnelen før Eikefet, sa Svein Arne Hatlevik i Nordhordland lensmannsdistrikt.