Januar:

Oppklarte 69,51 prosent av sakene

Kvart år blir det ført statistikk som viser kor gode politiet er til å oppklara sakene sine. Med ein oppklaringsprosent på 69,51 prosent var vår lokale lensmann godt nøgd med tala for 2017.

– Grunnen er godt etterforskingsarbeid, sa Kjell-Idar Vangberg.

JANUAR: Kjell-Idar Vangberg oppsumerte «kriminalåret 2017» med Strilen. Foto: Gunn Berit Wiik (arkiv)

Fedje får stryk i brannvern

På Fedje har det dei ti siste åra berre vore to store brannar. Det skal fedjingane vera glade for.

Så gale var det at Arbeidstilsynet vurderte å gi Fedje kommune heile fem pålegg etter tilsynet dei hadde i brannvernavdelinga 14. desember i 2017.

JANUAR: På Fedje har ein Hiace frå 80-talet lenge gjort nytte som brannbil. Garderobar fanst heller ikkje og brannkleda hadde ikkje vore vaska på ti år. Foto: Arbeidstilsynet

Februar

Korpsverda hylla NM og nivået

– Det korpset av EBML og Manger som kjem som nummer to, kunne likevel vunne alle andre konkurransar i verda.

Det mangla ikkje på skryt då Norges beste korps var samla i Grieghallen til NM-konkurranse i februar. «Som vanleg» var det EBML som vann med Manger Musikklag på andreplass.

FEBRUAR: Mange norske som utanlandske fann vegen til sosiale media for å hylla NM-arrangementet i Grieghallen. Foto: Norges Musikkorps Forbund/Twitter (montasje)
FEBRUAR: Det er ikkje få bøker Anders T. Veland har skrive ut gjennom åra som har gått Foto: Erlend Kristiansen

Anders Veland har skrive dagbok i 50 år

Mange likar å skriva dagbøker, men få held koken like lenge som 87-åringen Anders Veland frå Hosøy. 2018 markerte for hans del 50 år med dagboknotater. Alt frå månelandinga, kvardagstrivialitetar og festlege stundar har blitt dokumentert i boka hans.

– Eg veit ikkje kor vanleg det er dette, men jentungane pleier jo å skriva dagbok, sa Veland då Strilen var på besøk i februar.

Mars

Politiet slo Snapchat-alarm

Lensmann Kjell-Idar Vangberg ropte i februar varsku om det han meinte var ei uheldig utvikling og eit aukande problem med mobbing og trakassering via sosiale media.

– Me har faktisk begynt å ta beslag i pc-ar og mobilar blant enkelte ungdommar, sa lensmannen til Strilen.

MARS: Frode Fyllingsnes løfter tungt når han først er i gang hos treningssenteret Max Fitness. Her saman med fysioterapeuet Tommy Fylling. Foto: Anne-Lise Nordpoll

Rullestol er inga hindring for Frode

Frode Fyllingsnes er for mange kjent som «Frode med stol». Kvar einaste dag er han på treningssenteret Max Fitness på Frekhaug for å trena.

– Det er absolutt ikkje vanleg å møta folk som sit i rullestol på treningssenter, men det er synd at det ikkje er det. Alle kan ha glede av og få betre livskvalitet av å trena, sa Fyllingsnes.

April

Stengde kommunedører

Då Austrheim kommune brått «låste» dørene på rådhuset, begynte rykta å gå om at grunnen var ei uønskt hending på Nav.

– Ingen kommentar, sa kommunen.

Nokre veker før etterforska politiet ei sak der ein asylsøkar hadde oppført seg aggressivt på Nav i Austrheim.

Med den informasjonen spurde Strilen Austrheim på nytt om hendinga.

– Ja, det var den som aktualiserte å setja i gang tiltaka, innrømde rådmann Olav Mongstad.

APRIL: Her kom fleire til stengde dører i april. Kommunen ville først ikkje svara Strilen på kvifor dette hadde blitt gjort. Foto: Erlend Kristiansen

Forbikjørt under utrykking

I april fekk Strilen bli med brannvesenet på utrykkingskjøring. Då fortalde lokale brannmannskapar korleis ein bør oppføra seg – eventuelt ikkje oppføra seg – i trafikken når uttrykkingskjøretøy kjem kjørande.

– Me har også blitt forbikjørt under utrykking, men det er snakk om ytterpunkta, fortalte Nils Medaas i brannvesenet.

APRIL: Ein bil har stoppa for brannbilen som kjører utrykking. Bilane framfor igjen har ikkje oppfatta noko endå. – Me brukar mykje lyshorn og blålys, men i dette vêret med låg sol og fint vêr har det nesten ikkje effekt, seier varabrannsjef Nils Medaas. Foto: Erlend Kristiansen

Mai

Erna plukka lokalt boss

Statsminister Erna Solberg skrytte av det gode engasjementet i Meland etter å ha vore med på strandrydding på Fløksand i mai.

Som mange av oss lokale har erfart, fann også Solberg ein del «skit» under ryddinga.

– Her finn du ein del forbausande ting på rek, og veldig mykje tau.

MAI: Erna Solberg poserer saman med Ung Meland og Ungdomsrådet i Meland, som var med å organiseringa strandryddedagen i kommunen Foto: Maria Fjellstad

Fekk testa seg på tradisjonell 17. mai-feiring

Skrivepult og norskopplæring vart byta ut med stylter, potetløp og kaker då vaksenopplæringa i Knarvik hadde «test-17. mai».

– Kanskje det er litt terskel i å møta opp på ei 17. mai-feiring i bygda, så me har stelt i stand vår eiga 17. mai-feiring så dei kan få litt innføring i det, fortalde lærar på vaksenopplæringa, Stina Osa Karlsen.

MAI: Det er ikkje 17. mai-feiring utan potetløp. Nokre av dei som var med hadde aldri feira den norske nasjonaldagen før. Foto: Erlend Kristiansen

Juni

Markerte utvida barnehage og ny klatrepark i Brekke

Kaker, musikk, breie glis og ei bygd bada i sol gav ei nydeleg ramme til opninga av den oppgraderte barnehagen/skulen på Brekke.

– Me hadde det veldig trangt her, berre her måtte 40 ungar ha kleda sine, sa rektor Bodil Bjørlo Takle.

JUNI: Desse jentene er høgt og lågt i klatrestativa ved skulen på Brekke då dei feira dei nye fasilitetane i sommar. Foto: Erlend Kristiansen

Mette-Marit på shopping i Knarvik

I juni var både Haakon og Mette-Marit på besøk i Lindås. Som ein del av programmet var dei innom Dampen i Knarvik, Hillesvåg Ullvarefabrikk og Knarvik Industri og Miljø (KIM).

– Haakon, kan eg ta med meg noko av dette? vart Mette-Marit sitert på hos KIM.

JUNI: – Haakon, kan eg ta med meg noko av dette? Kronprinsesse Mette-Marit fann mykje ho likte då dei besøkte KIM i Knarvik i juni. Foto: Maria Fjellstad

Juli

– Folk slår svanene i hovudet med stokkar

I sommar vart det brudulje på Manger då fleire lokale såg at enkelte fann det for godt å plaga svanene.

– Ein dag høyrte me mykje hoiing og skriking og ein kraftig dunkelyd. Då eg kikka utover fjorden, forstod eg at dunket me hadde høyrt måtte vera lyden av ein båt som kjørte rett på den eine svana, sa Hans Atle Svenheim.

JULI: Furutrea står att som svidde kvastar oppover fjellsida på Vikanes etter brannen som starta i 17-tida laurdag 7. juli. Foto: Anne-Lise Nordpoll

Storbrann i Lindås

I sommar herja det ein stor skogbrann ved Vikanes i Lindås, som for alvor sette brannmannskapa på prøve. Dei måtte stå på både dag og natt for å først sløkka brannane, og deretter hindra at den igjen skulle blussa oppatt.

August

«Ved bryggja i Bergen dar ligg da ein båt»

Titals med lokale og internasjonale fartøy inntok Bergen under den store båtfestivalen Fjordsteam i august.

– Det er mykje god historie i denne båten. Eg kunne snakka i timesvis, sa styreleier i Nordhordland veteranbåtlag og maskinsjef på D/S Oster, Tor Johannes Bjørgaas til Strilen som var med på innseglinga.

AUGUST: Veret var kanskje litt opp og ned, men det var definitvt ikkje humøret til dei om bord på D/S Oster under innseglinga til Fjordsteam. Foto: Henrik Hauken

Nye bussar, nye ruter

Frå og med hausten 2018 var det Nettbuss som overtok anbodet for busskjøring i regionen. Dei stilte med splitter nye bussar då dei tok til å kjøra i regionen vår. Det vart også mogleg med mobilbetaling, men det kanskje mest omdiskuterte var at bussen til og frå by’n skulle kjøra via Fløyfjellstunnelen.

September

Trafikkaos på Radøy

Stormen «Helene» laga i midten av september ordentleg krøll på lokale vegar. Verst var det på fylkesveg 565 ved Storheimstø, som vart stengt i 16–17 timar etter at fleire tre og linjer ramla ned i vegbana. I mellomtida vart det kork på «omkjøringa» om Sæbø.

SEPTEMBER: Mange tre blei liggande over vegen ved Storheimstø etter ein kraftig storm. Foto: Privat

Markerte motstand mot vindkraftutbygging

I haust har det for alvor begynt å koka i kommentarfelt, lesarinnlegg og folkemøte om vindkraftutbygging i regionen vår.

I september vart det mellom anna skipa til eit større folkemøte på Matre, der Bergen og Hordaland turlag ville gjera greie for kva konsekvensar dette ville få.

Oktober

170 nye sengeplassar

Haraldsplass Diakonale sykehus er sjukehuset til heile Nordhordland. No har det fått eit skikkeleg ansiktsløft. Den offisielle opninga var i oktober med statsminister Erna Solberg og helseminister Bent Høie til stades.

Rullestolbrukar kom seg ikkje inn på eldredagen

Under eldredagen på Westland Hotel fekk rullestolbruker Mikal Eidsheim tilbod om å eta nede, medan festen gjekk føre seg i andre etasje. Han valde å snu i døra.

– Det er for dumt at me i 2018 skal ha eit hotell som ikkje legg til rette for dei med rullestol, meinte Eidsheim.

OKTOBER: For å kome seg inn på Westland Hotel med rullestol måtte ein ha rampe. Det hindra Mikal Eidsheim frå å ha ein festleg dag under eldredagen. Foto: Henrik Hauken

November

Starta uavhengig gransking av Goman Rognaldsen

Dei siste månadane har det vore mykje støy rundt bakeriet i Ådnevika på Lindås. I starten av november gjekk Coop ut og sa at dei ville starta opp ei uavhengig gransking av bakeriet.

– Bakgrunnen for at me opnar ei uavhengig gransking er at me ser saka frå Mattilsynet (inspeksjon 19. oktober) i samanheng med då ein av dei tilsette vart skadd i ei maskin nokre veker før (28. september), sa Bjørn Takle Friis i Coop.

NOVEMBER: Slik blei KNM «Helge Ingstad» utanfor Stureterminalen i Øygarden etter å ha kollidert midtfjords natt til torsdag 8. november. Foto: NTB Scanpix

Fregatten

Natt til 8. november vart vårt lokale farvatn åstad for den defintivt største nyheitshendinga i november då KNM «Helge Ingstad» sokk i Hjeltefjorden.

– Eg vakna av eit voldsomt brak, og tenkte at no skjedde det noko, sa Strilen-frilansar Marius V. Villanger som var på jobb på fregatten for Forsvaret då ulykka skjedde.

Skulekutt i Meland?

Det vart bråk i Meland då rådmannen kom med forslag om å gjera endringar på skulestrukturen i Meland. Foreldre i dei ulike bygdene mobiliserte stort og gjekk kraftig ut mot planane som kunne spara kommunen for millionar.

Desember

Pen kjøring

Det er mange fotoboksar rundt om i fylket vårt. Blant dei som blinkar minst - og dermed gir mindre «fartspengar» inn til statskassen - er fotoboksane på fylkesveg 57. Mellom 1. januar og 12. november 2018 vart berre 19 «blinka» etter å ha kjørt for fort sørover på Hopeflaten.

DESEMBER: Neste år skal Anders Olav Dale frå Meland dømma internasjonalt som Fifa-dommar. Foto: Privat

Lokal Fifa-dommar

Anders Olav Dale frå Meland har dømt i Eliteserien sidan 2015. I desember vart det klart at assistentdommaren frå Nordre Holsnøy er blitt oppnemnt som Fifa-dommar.

– Dette har vore målet mitt gjennom mange år, sa 28-åringen som til vanleg jobbar på Knarvik ungdomsskule.