– Dersom nokon har observert mistenkeleg aktivitet eller ukjente bilar i området, så må dei ta kontakt med politiet, seier lensmann Kjell Idar Vangberg i Nordhordland lensmannsdistrikt.

Han fortel at alle dei fem motorane er stole frå båtar som stod i vinteropplag på land ved Kvalheim fritidssenter. Parkeringsplassen der dei stod ligg for seg sjølv utan hus i nærleiken, så tjuvane har truleg fått jobba i fred, og dei har fått med seg fem relativt store og tunge motorar

– Det er snakk om 2 stykk Yamaha 50 hk påhengsar, 2 Yamaha 25 hk og 1 Mercury 50 hk. Tjuvane har kappa over leidningane, og dei har truleg brukt ein større varebil for å få motorane med seg, seier lensmannen.

Tjuveriet har skjedd ein gong mellom klokka 16 tysdag og klokka 07.30 torsdag morgon.

Lensmannen ser ikkje vekk i frå at det kan vera snakk om omreisande kriminelle, men han seier at dei går breitt ut i etterforskninga og at dei på noverande tidspunkt ikkje har konkludert med noko.