– Det er viktig for oss å nå ut med denne informasjonen til folk, slik at det ikkje blir kaos på morgonen, seier Harry Finseth i Meland kommune.

Han vil gjerne åtvara båtpendlarane om arbeidet dei skal gå i gang med.

Frå hausten av skal det begynna å gå buss heilt ned til Frekhaug kai, og bussen må naturleg nok ha plass til å både snu og stoppa.

– Det skal byggast busstopp på kaien, og før busstoppet kan byggast må det også gjerast eit arbeid med fjellsikring, så frå og med tysdag vert det færre parkeringsplassar nede på kaien. Det betyr at det er lurt for dei som skal ta båten å leggja inn nokre minutt ekstra, slik at dei rekk å parkera på den nye pendlarparkeringa på Varnappen og så gå bort, seier Finseth.