Siste: 15.12: Tunnelen er open igjen.

Skrikebergtunnelen på E39 sør for Oppedal i Gulen kommune vart stengt på grunn av røykutvikling i ein bil, opplyste Vegtrafikksentralen klokka 13.09 søndag.

Brannvesenet og øvrige nødetatar rykte ut til tunnelen.

– Oljelekkasje frå bil har forårsaka røykutvikling, opplyser 110 Hordaland.

Pr. klokka 13.45 hadde det bygd seg opp køar på begge sider av tunnelen ifølge Strilens trafikkart. Det tok litt tid før tunnelen kunne opne fordi entreprenørar måtte rydde opp i oljesølet som hadde oppstått.

Ingen kom til skade i samband med stansen.

Tunnelen er 1508 meter lang.

Det er større trafikk enn vanleg på E39 denne søndagen fordi det er siste dag i haustferien for mange. Det er sett ei ekstra ferje i sambandet Lavik-Oppedal i tidsrommet 13 til 20.

Lokalt brannvesen rykte straks ut då meldinga om røykutvikling kom i 13-tida. Bildet her er tatt litt før klokka 14, då det var manuell dirigering forbi staden.
Utanfor Skrikebergtunnelen (bildet er tatt av passasjer) Foto: Marie Seim
Skrikebergtunnelen på E39 er 1508 meter lang. Foto: Marie Seim
Foto: Marie Seim