NVE ser på 13 område som eigna for å opprette vindkraftanlegg i Noreg. Områda ligg i alle fylke utanom Oppland, Troms og Akershus.

– Kartet skal ikkje lesast som at vi meiner at det skal vere fritt fram for vindkraft, understrekar vassdrags- og energidirektør Kjetil Lund under framlegginga av Noregs vassdrags- og energidirektorats (NVE) nasjonale ramme for vindkraft på land måndag formiddag.

I dag presenterer NVE forslaget sitt til ei nasjonal ramme for vindkraft på land. Deretter vil forslaget bli sendt på høyring.

Stølsheimen er ikkje blant dei 13 områda NVE meiner er eigna for vindkraft, melder NRK.

Nordhordland og Gulen blir derimot peikt ut som eigna. Deriblant Gulen, Høyanger, Masfjorden og Lindås.

– Et av de mest egnede områdene

Dette skriv NVE i grunngivinga si;

«I området er det viktige miljø- og samfunnsinteresser knyttet til blant annet friluftsliv, landskap og fugl. Våre overordnede analyser tilsier imidlertid et lavere konfliktnivå i dette området enn i store deler av landet. Fra et nasjonalt perspektiv, framstår Nordhordland og Gulen derfor som et av de mest egnede områdene for ny vindkraftutbygging i Norge.»

– Dette er ikkje ein utbyggingsplan for vindkraft, men ein fagleg gjennomgang for å peike ut dei områda i Noreg som er mest eigna for vindkraft når ein tar omsyn til miljø- og samfunnsverknader, understrekar Lund.

Han held fram;

– Nesten ingen ligg heilt ute ved kysten eller på høgfjellet. Også i dei utpeikte områda vil det vere store areal som er uaktuelle for vindkraft.

Den nasjonale ramma for vindkraft skal ikkje erstatte konsesjonsbehandlinga. Konsesjonsprosessane framover vil vere minst like grundige og strenge som i dag, understrekar Lund.

Klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) og olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg (Frp) var til stades under framlegginga.

Aukande debatt

– Vi ser ei aukande interesse for vindkraft i Noreg i takt med at vindkraft er i ferd med å bli lønnsamt. Med dette følgjer ein aukande debatt som reflekterer interesser og sterkt engasjement. Det tar eg på største alvor i utviklinga av vindkraftpolitikken vår, seier Freiberg.

Han understrekar at miljø- og samfunnsinteresser skal takast vare på.

– Utbygging av lønsam vindkraft skaper verdiar, inntekt og arbeidsplassar, men har òg negative verknader for miljø, landskap, friluftsliv, reindrift, lokalbefolkning. Det er derfor viktig å unngå dei meste sårbare områda, sa Freiberg.