På Utkant? Bruk #strilen

Og særleg for dei som skal på Utkant kan det bli sveitt og heitt mellom konsertar, dansing, alkohol, svinsing og svansing.

Fin fredag og laurdag

– Fredagen blir nok den beste i Skjerjehamn med temperaturar over 25 grader på det meste. Laurdagen kan bli like bra temperaturmessig, men det er venta meir vind etter kvart frå søraust, slik at det kan blåsa opp til frisk bris, seier statsmeteorolog Lars Andreas Selbak ved Vervarslinga på Vestlandet.

Regnjakka bør likevel vera pakka med, saman med solkremen.

– Det er fare for at det dannar seg lokale byger utpå laurdags ettermiddagen, men det er helst i indre strøk. Eg trur ikkje dei treffe Skjerjehamn. Men ... , seier Selbak

– Det er venta til dels kraftig nedbør natt til søndag. Det kjem ein front som beveger seg frå sørvest. Det er sannsynleg at det blir torden, og at det kan komma ganske kraftig nedbør, seier meteorologen som fortel at eventuelle byger vil vera forbigåande.

Elles i Nordhordland vil det vera ganske mykje av det same veret, med temperaturar oppunder 30 grader. Innleiingsvis er det størst sjanse for nedbør i dei indre strøka, men i løpet av helga kan det i praksis dryppa alle stadar.

VARMT: Det kan bli god kok i Gulen og Nordhordland denne helga. Vermeldinga her er frå Skjerjehamn. Foto: yr.no/skjermskot

– Regnet må halda seg unna

Fungerande lensmann, Ivar Holmaas, ser fram til at han og øvrige som syter for sikkerheita ved Utkantfestivalen, får ei fin helg.

– Generelt så er folk positive og i godt humør, og me håpar på at publikum gjer som dei har gjort tidlegare. Så er det god stemning og hyggelege folk, så blir det ein fin festival for alle.

– Me får berre håpa at regnet held seg unna, seier Holmaas, som sjølv har tenkt seg innom Skjerjehamn i løpet av festivalen.

I fjor var det både vått og heitt under Utkantfestivalen: