Endringa skjer i samband med at Terje Olsen har sagt opp jobben sin som ansvarleg redaktør og dagleg leiar AS Lokalavisene, selskapet som eig dei fire lokalavisene Strilen, Bygdanytt, Vestnytt og Askøyværingen.

Som følgje av dette har styret for Lokalavisene AS fredag 11. mai gjort vedtak om å konstituera Eirik Langeland Fjeld som ansvarleg redaktør for avisene Strilen og Bygdanytt.

Marit Kalgraf vert konstituert som ansvarleg redaktør for Vestnytt og Askøyværingen.

Anita Sandal Lærum blir konstituert som dagleg leiar.

Slik desse avisene har vore organiserte til no har Terje Olsen vore den ansvarlege redaktøren, medan det er redaktørar under han som har gjennomført det daglege arbeidet.

Endringa har dermed ikkje særleg praktisk betydning i det daglege, anna enn at det no ikkje er ein sjef «på toppen» som har ansvaret for det som står i avisa.

– Lesarane kjem nok ikkje til å merka noko til denne endringa i leiinga i Strilen. Målet vårt er framleis å laga verdas beste avis for Nordhordland og Gulen, det var målsettinga vår før denne endringa, og det er målet vårt vidare, seier Eirik Langeland Fjeld.

Fjeld lovar å satsa vidare på 100 prosent lokale nyhende frå nordsida av brua.

– Strilen har dei siste åra hatt ei særs positiv opplagsutvikling, og har styrka posisjonen sin som nummer 1-avis i regionen.

Terje Olsen skal jobba for Lokalavisene AS fram til sommaren, men den organisatoriske endringa vert likevel sett i verk no frå måndag 14. mai.

Etter sommaren skal Olsen over i ein ny lokalavisjobb, som dagleg leiar for dei to avisene Avisa Hordaland på Voss og Vaksdalposten i Vaksdal.