Det var onsdag ettermiddag at vegtrafikksentralen melde om at ein stor stein hadde komme ned i vegen ved Krokavatnet på fylkesveg 92 i Stordalen (i Høyanger, nokre få kilometer frå grensa til Masfjorden).

Ein kunne straks slå fast av vegen ikkje var farbar.

Omfattande bruskadar

No melder vegmyndigheitene at brua, som er del av vegen som går over demninga ved Krokavatnet, blir stengt fram til måndag 24. september. Då vil det bli tatt ei ny vurdering om korleis ein ligg an.

– Det har komme ned ein del stein, der ein del av dette har landa på brua. Det er vurdert slik at det har blitt omfattande skadar på den, seier trafikkoperatør Idar Sangolt hos vegtrafikksentralen.

Sprengingsuhell

Det var eit uhell under sprenging som førte til vegstenginga.

– BKK arbeider der oppe og hadde leigd inn ein entreprenør, som skulle sprenga ved eit steinbrot. Då skjedde det eit uhell, slik at det ramla stein ned på brua, seier kommunikasjonsrådgjevar i BKK Jarle Hodne.

Han understrekar at vegen var stengt under sprenginga, og at det aldri var fare for liv og helse.

– Me seier oss leie for at denne hendinga skapar ulempe for trafikantane. Me vil i lag med entreprenørane undersøka korleis dette kunne skje.

BKK har i sommar hatt eit arbeid på dammen ved Stordalsvatnet, og det var i samband med dette arbeidet at BKK henta ut stein frå steinbrotet ved Krokevatnet. Uhellet vil ikkje få store konsekvensar for BKK i det vidare arbeidet, då ein var inne i avslutningsfasen.

Sangolt på vegtrafikksentralen seier omkjøring no blir via E39. Arbeidet med å fjerna all steinen frå fylkesveg 92 begynte allereie onsdag.

– Me har starta arbeidet med å vurdera skadane.

– Fiks brua!

Strilen har også vore i kontakt med ein grunneigar, som sjølv var ved rasstaden torsdag. Han oppmodar vegvesenet til å gjera ei skikkeleg utbetring av brua no som den først er stengt.

– Dei utbetringane som blei gjort ved brua for 3–4 år sidan var ikkje gode nok. Det gjeld akkurat der i svingen på veg inn på brua, den er for dårleg for bussane, seier vedkommande, som gjerne vil at større grupper som besøker Stordalen og fjellstova også skal komma seg fram.

UHELL: Det er i dette området BKK hadde arbeid gåande. Bildet er via Google og er tatt på eit mykje tidlegare tidspunkt. Foto: Google Street View