SISTE: I ei pressemelding melder Haukeland universitetssjukehus at ein mann (27) er alvorleg skadd. Vedkommande blei frakta til sjukehus i luftambulanse.

To bilar krasja front mot front på ved Kolstad, like ved Manger, melde 110-sentralen i formiddag. Det blei sendt ut trippelvarsling klokka 11.04.

Alle naudetatane og luftambulanse rykka ut til staden og fylkesveg 409 Radøyvegen var ei stund heilt stengt.

Det er meldt om to skadde personar. Desse har blitt frakta vekk i høvesvis luftambulanse og ambulanse.

Det blei også meldt om ein del lekkasje frå bilane.

– Det er to personbilar som har kollidert. Det vart tidleg meldt om at det var ein fastklemt person, men me fekk kjapt tilbakemelding frå ein brannmann, som kom til staden, at det ikkje stemte, seier Ole Jakob Hartvigsen ved 110-sentralen.

Etter ei stund med manuell dirigering blei vegen opna.

Politiet skal etterforska kva som har skjedd under ulykka.