Ifølge BKK registrerte dei ein feil klokka 07.19 i dag fredag morgon. Pr. klokka 08.19 var 152 husstandar frå Eikanger og innover mot Høyland utan straum.

Forventa rettetid klokka var klokka 10.30, men ei stund før det klarte BKK å finna og retta feilen.

Torsdag var fleire utan straum både i Bergen og Nordhordland. I forkant hadde BKK sendt ut melding om at den sterke vinden kunne «føre til strømbrudd i utsatte områder».

Det blas så heftig at hovudredningssentralen og meterologane gjekk ut og bad folk sikra båtane sine og lause gjenstandar.