Frivilligheitsprisen 2018 blir delt ut av Frivillighet Norge og det var meldt på fleire hundre kandidatar til årets pris.

Viggo Bjørge frå Eikanger er ein av dei åtte finalistane som blei valt ut av juryen.

No er det opp til Norge å stemme på den dei meiner fortener å vinne.

– Eg er stolt

Viggo Bjørge har vore i Eikanger-Bjørsvik Musikklag i over 40 år. I regjeringstida hans har korpset sikra seg 17 norgesmeisterskap, tre europameisterskap og 18 underhaldingsmeisterskap.

– Det er veldig kjekt å koma så langt, eg må innrømme at eg er stolt. Det er fint at folk set pris på det eg gjer, seier Bjørge, som no er nestleiar i musikklaget.

Han fortel at det har hagla inn gratulasjonar frå kjentfolk.

– Når ein har halde på så lenge og er så sentral, så har ein eit stort nettverk. Det er mange som er glad for at eg har kome så langt. Eg får fine tilbakemeldingar, og det blir eg glad for.

Ei av dei som hyller Bjørge er Lindås-ordførar Astrid A. Byrknes.

– Mi stemme går til gode Viggo Bjørge. Han har gjort og gjer framleis ein svær og viktig jobb for korpsrørsla. Viggo er unik og ei ekte eldsjel. Heia Viggo! skreiv ho på sosiale media då nyheita på blei kjent.

SIGERSVANT GJENG: Viggo saman med gjengen i EBML i øvingslokalet i Knarvik. Foto: Frivillighet Norge

Finale i desember

Det er mogeleg å stemma fram til 30. november.

Då går dei tre som har flest stemmer til ein finale i Oslo, der det er ein jury som bestemmer ein endeleg vinnar.

Vinnaren vert kåra 5. desember på frivilligheitens dag.

– Det er vanskeleg å seia om eg kan vinna eller ikkje. Dei andre finalistane er jo fantastiske på kvart sitt område. Me får se korleis det går, det blir spennande, fortel Viggo Bjørge.