Klokka 21.55 måndag kveld var det eit jordskjelv utanfor Værlandet i Askvoll/Sunnfjord.

Rapportar frå publikum fortel at skjelvet kunne kjennast godt fleire stadar langs kysten i Sogn og Fjordane.

Folk frå både Hyllestad, Solund, Naustdal, Florø og Gulen har rapportert om at det rista litt ekstra like før klokka 22. Veldig mange trudde det var torever.

Ifølge Jordskjelvstasjonen i Bergen ved UiB var skjelvet på 3.1 på skalaen. Det er nok til at mange kan føle skjelvet på god avstand. Dei har estimert at skjelvet fann stad 29,6 kilometer under havoverflata.

Ifølge kartet på jordskjelv.no er det stadig mindre skjelv som blir målt i Norge, men dei fleste frå siste veka har vore mellom 1 og 2 på skalaen.

Opplevde du jordskjelvet? Kor var du? Legg igjen ein kommentar enten under eller på våre Facebook-sider.