Møtet vert arrangert av Nevrologisk avdeling ved Haukeland Universitetssjukehus, i samarbeid med LHL, som også vil vera representert med eigne aktivitetar.

Møtet er i Store auditorium i Sentralblokka på Haukeland, onsdag 22. november på kvelden.

Det vert innlegg ved Annette Fromm (postdoc) med tittelen «Årsak og symptom», Lars Thomassen (prof. emeritus) om «Frå 113 til tidleg behandling» og Ulrike Waje-Andreassen (professor) om «Synlege og usynlege konsekvensar».

Helsedirektoratet har gitt eit oppdrag om utarbeiding av ein plan som skal sikra likeverdige behandlingstilbod til alle nordmenn. Helseregionane og hjerneslagmiljøa jobbar difor i desse dagar med nødvendig omorganisering av hjerneslagarbeidet i heile landet.

Per i dag er det berre fem universitetssjukehus som tilbyr den beste akuttbehandlinga (trombektomi, «fisking» av blodpropp). Skal denne typen behandling ha god verknad må den startar så raskt som mogleg, og det er viktig at tid ikkje går vekk undervegs, heiter det i ei melding om møtet onsdag.

Trombektomi vert i dag utført ved Rikshospitalet, Haukeland Universitetssjukehus, Stavanger Universitetssykehus, St. Olavs Hospital og Universitetssykehuset i Nord-Norge (Tromsø).